Reglar

Mål: To blåe puffar. Frå 2010 har me nytta småmål levert frå SPV.

Godkjent scoring: Ballen berører framsida av puffen. Dersom ballen treff veggen bak målet før nokon berører ballen, blir scoringa  underkjent. Her kan det oppså diskusjonar i ny og ne!
Scoring via sideveggene blir ikkje godkjent.

Oppmøtetalet avgjer korleis speleoppsettet blir.

9 (eller fleire) mann: 3 lag med 3 spelarar på kvart lag. Kampane har lengde på 4 min. og det blir spela turnering med 3 poeng til vinnande lag, 1 poeng for uavgjort og 0 for tap.

6-8 mann: 2 lag med 3 spelarar på kvart lag. Eventuelt 7. og 8. mann blir innbyttarar. Her blir det spela etter to ulike variantar: Første lag til 10 scora mål, eller kampar med lengde på 10 min.

4-5 mann: 2 lag med 2 spelarar på kvart lag. Spelevariantane nemnt ovanfor blir også brukte her.

2-3 mann: Dette går under karakteristikken "særs dårleg oppmøte", men karadn gjennomfører trening uansett: 1 mot 1, første mann til 2 scoringar og vinnaren står. Restriksjonen her er at det ikkje er lov å score mål bak midtstreken.

Her er det snakk om fair play. Klare frispark gjer seg sjølv!

Treningane varer frå 60-120 min.