Tabellkonkurransen 2012

Velkommen til ein ny runde av tabellkonkurransen. Me ser fram til ein ny tippeligasesong og vonar Sogndal vil sanke mange poeng i 2012. Tabellskjema kan lastast ned her, og skjemaet kan sendast havard@laegreid.com eller leverast underteikna eller Jan A. Jakobsen (Sogndal Lær & Skotøyforretning). Som før vil me halde deg løpande oppdatert om stoda i konkurransen på denne websida:

http://sogndal.tabellkonkurransen.com

Lykke til!

Eg vil  rette ein stor takk til Vidar Nordbrenden som har utvikla web-applikasjonen som gjer at vi no lett kan følgje utviklinga frå runde til runde. Løysinga gir oss også fullstendig statistikk for kvar deltakar samt oppturar og nedturar samanlikna med forrige runde.

Spørsmål kan sendast til: havard@laegreid.com


Kort oppsummering av reglar:

Differansane mellom laga si plassering på tipset og tabellen blir summert. Har du tippa Sogndal på 14. plass og Sogndal vinn Eliteserien, får du 13 feilpoeng. Dvs. at korrekt plassering gir 0 poeng, er du ein plassering i frå får du 1 poeng, er du 2 plasseringar i frå får du 2 poeng osv.
Personen med færrast feilpoeng blir vinnar og mottek 50% av den totale potten. 2.plassen får 30% og 3.plassen får 20%. Ved lik poengsum går den som har tippa flest lag på rett plassering foran.